Omtale
Der kom ein Gut or Vinje-Grend,
til større Ljos han traadde.
Vinje-bibliografien dokumenterer for første gong alle skrifter av A.O. Vinje og svært mange skrifter om han gjennom meir enn 170 år. Over 4400 tekstar blir presenterte.
Bibliografien dokumenterer 2263 utgivingar av dikt og prosatekstar som Vinje skreiv på dansk-norsk, dialekt eller nynorsk, og 237 gjendiktingar og omsetjingar til 11 språk. 1869 artiklar, talar, dikt, bøker, radio- og tv-program om Vinje er med. Det er også manuskript om Vinje i utvalde arkiv.
Innførslar om lange artikkelseriar, rare notisar og gløymde debattar står side om side med utfyllande kommentarar og uventa forteljingar om mangt som har vore ukjent.
Vinjes to sjølvbiografiar kjem i bok for første gong, og delar av den eine har ikkje for trykt før. Boka er ramma inn av essaya «Krønikerskrivaren A.O. Vinje» og «Å lese og forstå A.O. Vinje».
Ottar Grepstad (fødd 1953) er forfattar og var direktør i Nynorsk kultursentrum. Han har skrive eller redigert over 30 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.