Omtale
Her møter du nokre av dei vanlegaste dyra og fuglane i skogen og i skogkanten. Mellom anna kan du bli kjent med 50 fugleartar. Huset i skogen ligg på Stord, men fuglane og dyra er dei same på heile Vestlandet. Dei fleste finst i heile landet.
Nesten alle bileta er tekne mindre enn hundre meter frå huset og viser kor mykje vi kan oppleve i nærnaturen. Her er også små historier – om kattugleungen som heldt på å fryse i hel bak løa, om piggsvinungane i blomsterbedet, om nøtteskrika som gøymde hundemat – og mange fleire. Her er også tips om å lage fuglebad, fuglemat og fuglekasser, pluss forklaring på korleis ein del av bileta er blitt til.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.