Kristendom og norskdom

Morten Øveraas

kr435.00

2 på lager

Omtale

GRUNDTVIGIANARAR, FOLKEHØGSKOLAR OG KRISTELEG NASJONALISME I NOREG CA. 1810-1920

Kvifor er mange symbol ved norsk nasjonalitet kopla til kristendommen? Flagget består av ein kross og på nasjonaldagen ber ein Gud om å signe landet. Denne boka undersøker tilhøvet mellom kristendom og nasjonalisme i ein formativ periode av norsk historie: Det lange og innhaldsrike tidsrommet mellom Napoleonskrigane på byrjinga av 1800-talet og etterdønningane av første verdskrig på 1900-talet. I denne perioden dominerte kampen for politisk og kulturelt sjølvstende dagsorden, og tilhøvet mellom kristendom og norskdom var eit tema med stort konfliktpotensiale.

Boka framhevar og granskar ei særskild gruppe nasjonsbyggjarar: grundtvigianarar og folkehøgskulelærarar. Desse bidrog i ein lang intellektuell tradisjon, best karakterisert som den kristelege nasjonalismen. Gjennom ei lang rekkje institusjonar, nettverk og offentlege ytringar, sette dei kristelege nasjonalistane eit markant preg på danninga av den moderne norske nasjonalstaten.

Morten Øveraas (f. 1991) er førstekonservator ved Romsdalsmuseet, Molde. Han er utdanna ved NTNU – Trondheim, Universitetet i Oslo og Universitetet i Stavanger. Øveraas har særleg forska på og publisert artiklar om emne innan politisk og religiøs historie.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.975 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Novus

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Kristendom og norskdom”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *