Omtale
Livet vårt er eit einaste stort spørsmål.
Vener av Bernhard er ei reise tilbake til dei frie 1920-åra der alt verkar å blomstre, medan det ulmar under overflata. I romanen møter vi unge Bernhard, som er elska av venene rundt seg. Han er mild og god og ein inspirasjon for dei meir eksentriske, meir eller mindre knekte personlegdommane omkring han. Vi følgjer den unge kunstnarvenegjengen gjennom Europa og blir med til Paris, Berlin, Lugano og Firenze – fristadar for kunstnarar og dei som samtida såg på som avvikarar.
Schwarzenbach skriv fram eit miljø der kjønnsroller går i oppløysing og menneske står friare i møta med kvarandre. Boka krinsar rundt tema som kjærleik, venskap, homoseksualitet, fridom, men også lengsel etter tryggleik og det å høyre til. Romanen er i dag sett på som eit sentralt verk i den moderne, skeive verdslitteraturen og det å høyre til.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.