Omtale
Marit Eikemo, som sjølv voks opp i Berjaflotvegen 9, har skrive ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad. Boka er ein sørgjesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt, om det som formar oss og om krafta som held oss i live.
«Med ‘Vi er brødrene Eikemo’ opnar Marit Eikemo døra til eit nytt rom i forfattarskapen … ei historie om kva det inneber å bu i ansvaret sitt, slik Eikemo har skrive at far hennar har gjort, sidan den dagen han sjølv blei farlaus og vaksen over natta. Portrettet av faren er det minst spektakulære, men også det varaste og finaste i boka – utan omsveip og ein smule tragisk, men fullt av anerkjenning, forståing og respekt.»
– Eivind Myklebust, Klassekampen
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.