Omtale
I Solplomme kjem midtsommarmytane og jonsokritane til live gjennom ein serie dikt med eit rituelt, messande preg. Den lysaste natta i året er ein overgang lada med uvisse. Dikta renn utover sida og får midtsommarnatta til å opne seg, blomane til å spire, bålet til å brenne og menneska til å tvile. Fotodronane summar over tindane og plastsøpla. Kva framtid skimtar vi? Kva val tek vi når alt ligg ope?
“Solplomme” er ein heilt eigen flora.
I 2023 laga Anna Kleiva og Vilde Tuv bestillingsverket “Solplomme” til Dei nynorske festspela i Ørsta. Tuv komponerte musikken og Kleiva skreiv dikta til verket.
Med utgivinga av “Solplomme” følgjer ogsÃ¥ ein CD. Synth, fløyter og vokal møter her fjellras og regnbyger i ein intens elektronisk musikk.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.