Omtale
Marie Lovise Widnes har skrive vers sidan før ho var tenåring. Denne boka representerer diktinga hennar gjennom meir enn 70 år. Her er strofer frå 1940-talet, samt heilt ferske dikt. Mange av dei er publiserte i bøker og samlingar tidlegare, men fleire i denne boka har aldri vore publiserte før. Det var gjennom visene sine at Marie Lovise først vann seg eit namn. Landeplaga Gangdøra skreiv ho knapt 19 år gammal, men kom på plate først i 1957.
Du vil finne dikt og viser om dei fleste tema; naturskildringar, møte med menneske, kjærleik og lykke, glede og sorg, tru, religion – og dikt med politisk snert. Vi garanterer fleire sterke leseopplevingar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.