Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd?

Mads Langnes (red.)

kr420.00

16 på lager

SKU: 14087 Kategoriar: , ,

Omtale

Møre og Romsdal har ei rik næringslivshistorie, og denne boka handlar om alt frå klippfiskeksport til kaffistover og offshoreindustri. Forfattarane tek utgangspunkt i teoriane til sosiologen Max Weber om protestantisk etikk og kapitalismens ånd, og undersøkjer om dei internasjonalt mykje nytta modellane frå Weber-skulen lèt seg overføre til arbeids- og næringsliv i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal har vore eit område der forskinga ofte har trekt parallellar mellom haugianarrørsla, som var inspirert av lekpredikanten Hans Nielsen Hauge (1771–1824), og næringslivsutviklinga fram til i dag. Kva rolle hadde haugiansk entreprenørskap og tankesett på 1800- og 1900-talet? Målet med boka er å undersøkje kva kulturar og strukturar som har vore kjenneteiknande for næringslivshistoria i regionen.

Boka er eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Viti og Nynorsk kultursentrum.

Redaktør og prosjektleiar Mads Langnes (dr.philos.) er førstekonservator ved Romsdalsmuseet. Han er også ansvarleg for fellestenesta for forsking for musea i Møre og Romsdal, redaktør for årboka til Romsdalsmuseet og har tidlegare gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om agrarhistorie, rettshistorie og kulturhistorie.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.652 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Museumsforlaget

Språk

Bokmål, Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd?”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *