Omtale
Utdrag frå føreordet:
Også i år handlar dei fleste artiklane om menneske som bur eller har budd i Volda. Det handlar om legar, om pianolæraren, om den frivillige i hjelpekorpset, om bedriftsgründeren, om foreiningskvinna og mange fleire. Om folk som har betydd noko for mange.
Det handlar også om barndomsminne. I år har vi ekstra mange av dei – det er vi også glade for. Vi håper det kan inspirere andre også til å fortelje små minne og historier frå eigen barndoms- og ungdomstid.
Og det handlar om institusjonar, framveksten av offentlege tenester, om foreiningar og om hus i Volda. Femtiårsjubileet til Kilsfjord kyrkje er via mykje plass. Vi ser på jubileet som eit høve til å dokumentere korleis det vart arbeidd for å realisere eiga kyrkje i Kilsfjorden, og korleis bygdene har slutta opp om kyrkja.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.