Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen

kr250.00

4 på lager

Omtale

Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen er ei rikhaldig utgåve av språkleg tilfang som Ivar Aasen samla frå 1862 og til tidleg i 1880–åra. Det aller meste er leksikalsk tilfang som han skreiv opp på dei seks reisene han gjorde i desse åra, den siste til Stavanger seinsumaren 1883. Aasen samla òg ord frå informantar frå bygdene som vitja Oslo eller var busette der, og han skreiv opp frå skriftlege kjelder. Soleis er ord frå alle landsluter komne med i denne boka.

Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen er utgjeven av professorane Jarle Bondevik og Oddvar Nes, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og fyrsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda.

Ivar Aasen-selskapet har i hovudsak til oppgåve å gjeva ut uprenta manuskript etter Ivar Aasen. Selskapet gjev ut to seriar, Serie A, Tekster, og Serie B, Kommentarar og studiar.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.539 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Norsk Bokreidingslag

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *