Ny-Noreg møter Svensk-Finland: Seminarrapport

kr100.00

1 på lager

SKU: 3512 Kategoriar: ,

Omtale

I samband med Dei nynorske festspela 1998 skipa Ivar Aasen-instituttet til eit seminar med tittelen Ny-Noreg møter Svensk-Finland. Det var den første internasjonale tilskipinga Ivar Aasen-instituttet har stått for. Det var ikkje tilfeldig at det nettopp var finlandssvenskane som først vart inviterte. Dei er naturlege samtalepartnarar for nynorskoffentlegheita og for Ivar Aasen-instituttet rein særskilt. Finlandssvenskane har dessutan vore for lite påakta som samtalepartnarar. Seminaret og denne boka er eit forsøk på å rette på det.

Boka inneheld innlegga til dei fire innleiarane. Desse er Christer Laurén frå Institutionen för nordiska språk, Vasa Universitetet/Europäische Akademie Bozen, Jon Peder Vestad, Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda, Jan Terje Faarlund, Institutt for nordistikk og leksikografi, Universitetet i Oslo og John Sundholm, Åbo akademi. Vidare inneheld boka Stephen J. Waltons presentasjon av seminaret, og den oppsummerande kronikken Walton hadde i Sunnmørsposten i etterkant av seminaret.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.150 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Høgskulen i Volda

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Ny-Noreg møter Svensk-Finland: Seminarrapport”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *