Omtale
Dei ti artiklane som fyller denne boka, er ikkje først og fremst meinte som ei forseinka hylling av Ivar Aasen, eitt år etter Ivar Aasen-året. I staden har formålet vore å sjå nærmare på den måten Aasens liv og verk har blitt framstilt på – i fortid og notid.
Aasen-bilete, eller -bileta, er forma gjennom ei rekkje sjangrar. I denne boka blir det sett søkjelys på litteraturhistoriske framstillingar, hyllingsdikt, gjenbruk av Aasen i nynorsk lyrikktradisjon og biografiar.
I 1996 kom det ut tre omfangsrike biografiar om Ivar Aasen –av Jostein Krokvik, Kjell Venås og Stephen J. Walton. På denne bakgrunnen fall det naturleg å rette merksemda mot dei biografiske forteljingane om Aasen. Alle dei tre forfattarane har presentert prosjekta sine her. Samtidig inneheld boka meir prinsipielle drøftingar av biografien som populær og problematisk sjanger – med utgangspunkt både i desse og eldre Aasen-biografiar.
Aasen-bilete er ikkje eit spørsmål om sjanger åleine. Fleire av artiklane viser at formelle og ideologiske mønster blir til innanfor institusjonenlle rammer, i den borgarlege ålmenta, i målrørsla og i den litterære instiutsjonen.
Resultatet er ikkje éin Ivar Aasen som alle kan semjast om, men eit mangefasettert bilete, skapt av motstridande interesser og utforma som vitskaplege og mytologiske fortlejingar i ein prosess som ikkje er slutt.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.