Omtale
Dikta i denne samlinga utforskar kor hardt barndommens grep kan vere på eit vakse menneske. Ein fars sinne, med djupe røter frå generasjonar tilbake, har på mange måtar forma diktar-eget. Ho er òg sint, og redd for å føre vidare den vonde arven til sine eigne barn. Det handlar om å prøve å gi omsorg til – og gi slepp på – det indre barnet ho framleis har i seg.
Eg gjekk til kyrkja for å synge
ikkje for å tru
den vesle kroppen min sleppte ut
ei stemme som vibrerte
mot meg og bad om frelse.
Â
Mitt første minne
frå kyrkja er at det regna og presten
koppa handa, vatnet rann mjukt
over håret til broren min, han græt
faren min snudde seg mot altartavla.
Â
Vi falda hendene
framfor oss:
kven bad vi til, kven
gav oss
eit utvaska svar?
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.