Døden i Venezia

Thomas Mann

kr299.00

1 på lager

SKU: 14289 Kategoriar: ,

Omtale

Litteratur er slett ikkje noko yrke, men ei forbanning, berre så du veit det.
Thomas Manns verk er rekna blant dei fremste i verdslitteraturen, og novellene hans står ikkje tilbake for romanane. Kvar av dei tre novellene i denne boka er rekna som meisterverk innanfor novellekunsten. Her utforskar han samfunnet, menneskepsyken, kjærleiken og kjønnsidentitet.

Døden i Venezia (1911) er Manns mest lesne novelle, og er eit av dei mest refererte verka i seinare litteratur, film og teater. Ho tematiserer forfallets estetikk, og korleis dragninga mot det vakre kan føre til undergang. Tonio Kröger (1903) er ein sjølvbiografisk kunstnarroman i miniatyr. Mario og trollmannen (1930) skildrar ein hypnosekunstnar som manipulerer menneska med talekunst – eit litterært varskurop frå 1930 med skremmande aktualitet i dag.

Mann kombinerer psykologisk innsikt og filosofiske og eksistensielle spørsmål med ironi og ein elegant og symbolmetta forteljarstil. Han var høgt akta blant forfattarar i samtida, og han har hatt stor påverknad på både forfattarar, filmskaparar, musikarar og andre kulturarbeidarar internasjonalt, som Woody Allen, Philip Roth, Haruki Murakami, Alice Munro eller Christian Kracht.

I 2025 er det 150 år sidan nobelprisvinnaren frå 1929 blei fødd. Dette vil bli markert både i hans heimland Tyskland og her i Noreg. Basert Geir Pollens nyomsetjing set teatergruppe Ymist opp ei framsyning av Døden i Venezia som har premiere på Tou Scene i Stavanger 20.mars i år, for så å turnere fleire stader i landet utover året.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.320 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Skald

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Døden i Venezia”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *