Omtale
Eit eksperiment på ville vegar! Pål har lenge ønskt seg ein stor, farleg hund som kan passe på han og skremme alle i heile verda. Men når han får oppfylt ønsket sitt, blir han frykteleg skuffa: Felline er nemleg lita og slett ikkje farleg. Men han har jo kjemisettet sitt … Felline, professor Pål og kjemisettet er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå. Leseland. Nivå 3. Omsett av Ola Skogseide, Språkfolk.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.