Omtale
Den vesle bjørnen og den vesle tigeren er to gode venner som opplever mange eventyr. Dei er ikkje redde for nokon ting, for saman er dei sterke. Dei har mange andre venner også, og eit koseleg lite hus ved elva. I Til Panama, til Panama! får du høyre om korleis det går når den vesle tigeren og den vesle bjørnen legg ut på ei reise til Panama. I Kom, la oss finne ein skatt leitar dei etter den største lykke på jord. I Tigerpost får du høyre korleis den vesle bjørnen og den vesle tigeren fann opp posten og telefonen. Eg skal gjere deg frisk, sa bjørnen fortel om den gongen den vesle tigeren var sjuk. God dag, vesle gris handlar om den gongen den vesle tigeren ikkje kom heim att meir. Tigeren har fødselsdag fortel om den gongen den vesle tigeren hadde fødselsdagsselskap.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.