Ingenstad. På tur til verdas minst besøkte land

Gunnar Garfors

kr349.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 12335 Kategoriar: , ,

Omtale

Globetrottaren Gunnar Garfors er kjent for å ha besøkt alle verdas land to gongar. På sine turar har han opplevd stader, situasjonar og menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Dette vert det gode reisetips av. I arbeidet med boka “Ingenstad. På tur til verdas minst besøkte land” har han reist attende til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Når Garfors er på reise, er det nyfikenheita som driv han. Hans unike og opne vesen kan minne om måten barn møter verda på. I “Ingenstad” har han vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Lesaren vert teke med på ei personleg ferd og kjem tett på menneska forfattaren har møtt i land som Afghanistan, Turkmenistan, Nauru, Mauritania og Komorane. Nokre av dei har du knapt høyrt om, andre gir neppe andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I “Ingenstad” møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen – landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året. I ei tid der fleire vel vekk turisttunge reisemål og heller søkjer genuine inntrykk i møtet med menneske frå kulturar som skil seg frå vår eigen, vil Garfors inspirere, men også gi deg høve til å oppleve område du neppe vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre nasjonar, trusretningar og verdsopfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner og snakka med dei som bur der. “Ingenstad” tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.97 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Ingenstad. På tur til verdas minst besøkte land”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *