Omtale
Bli med på ei reise gjennom Sunnfjord i bilete og ord, frå sør til nord, frå hav til isbre, gjennom skiftande vêr og alle årstider. Reisa er blitt til gjennom eit samarbeid mellom fotografen Oskar Andersen og forfattaren Rolf Losnegård. Stemningar, kommentarar og ettertanke og litt fakta har fått plass i ei stemningsfull bok der bilete og ord utfyller kvarandre. Den tidlegare utgåva av denne populære boka har vore utseld ei god stund, og etter stor etterspurnad og mange oppmodingar blir ho no utgitt på nytt. Boka kjem i ein revidert utgåve og i ny drakt, og inneheld også engelske tekstar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.