Omtale
Jonas gjer alt han kan for å få mamma til å smile igjen, når pappa flyttar ut og mamma flyttar inn under dyna på soverommet. Han passar veslebroren, smør matpakkar og øver på å spele den finaste songen mamma veit om på gitaren. Men det er ikkje så lett for Jonas å vere glad når mamma leiger ut halve huset. Rommet til Jonas blir plutseleg rommet til Mina, som er ny i klassen, som ler høgt, snakkar mykje og trur ho veit alt om stjerner. Men kva om Mina har rett når ho påstår at stjernene seier at mamma og pappa passar ekstremt bra i lag? Jonas bestemmer seg for å invitere dei til konserten på kulturskolen. Tenk om han kan spele så fint på gitaren at mamma og pappa blir kjærastar igjen?
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.