Omtale
Metha i Lida har som tenåring ein klar plan for framtida. Ho skal bli lege, kjøpe hus og stifte familie. Ein djup depresjon, som ho gjer alt ho kan for å skjule, set alle planar på vent. 24 år gammal forsøker ho å ta livet sitt. Ingen veit kor vanskeleg ho har det før sjølvmordsforsøket – ingen må vite det! Kva går gjennom hovudet til Metha i sekunda før ho prøver å ta livet sitt? Korleis går det med henne når ho overlever og må starte på nytt etter å ha fått diagnosen bipolar type 2? Metha inviterer oss inn i psyken sin, når ho er så langt nede som det er mogeleg å komme. Og fortel om den lange reisa tilbake til seg sjølv, med hjelp frå familie og helsevesen. I boka gjev ho eit brutalt og ærleg bilete av depresjon, hypomani, suicidalitet, psykisk helse og korleis ho har komme seg vidare etter at ho fekk diagnosen ho må leve med resten av livet. – Er det éin ting eg har lært dei siste åra, så er det at utruleg mykje vondt kunne vore unngått om eg berre hadde snakka om det. Med kven som helst. Nokon skulle fått vite det.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.