Omtale
Panneband med portrett av Ivar Aasen. Handlaga kvalitetsplagg strikka på ei brukt, gamaldags holkortmaskin av typen Silver Reed som osar av sjel. Laga av 100 % Røros Lamull, som brukar ull frå norske sauar. Ull er naturen sitt superprodukt. Det pustar, er antibakterielt, varmar når det er kaldt og kjøler når det er varmt. Materialet er flammesikkert og vassavstøytande, mjukt og lett. Produsert i Noreg av Bjøddn.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.