Omtale
Vridd handlar om barnet Hjørdis, som er fødd med klumpfot, og om mora hennar, ei aleinemor, som livnærer seg som gravferdsmusikar. Hjørdis sin far er ein abstrakt figur i barnets bevisstheit, og finst berre som eit avisutklipp. Mor og dotter saknar kvarandre enormt under sjukehusopphalda, men gjennom draumar, fantasi og førestillingar, lever dei eit rikt liv i gjenskinnet av kvarandre. Dette er ein roman som handlar om å finne plassen sin i verda. Å få vera den ein er, på trass av stigma, avgrensingar og eit ønske frå omverda om å ha defineringsmakt. Ein roman der kjærleiken, kunsten, vennskapen og den ikkje-fysiske livsutfaldinga, står i sterk kontrast til eit stivbeint og innskrenka rørslerom i instituasjonane.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.