Glade dyr og levande jord

Marit Bendz

kr349.00

1 på lager

SKU: 12988 Kategoriar: ,

Omtale

Det er eit stille bondeopprør på gang. Bønder står i skvis mellom kravet om å bli større og meir effektive, og forventningane frå forbrukarar om rein og lokal mat, betre dyrevelferd og biomangfald. No går stadig fleire bønder nye vegar for å produsere mat på lag med naturen, med omsyn og kjærleik til både dyra, miljøet og dei som skal kjøpe og ete maten. Dei vil ha levande jord og glade, friske dyr.

Marit Bendz og Oddleiv Apneseth portretterer i denne boka femten bønder frå Lofoten i nord til Jæren i sør, som med kunnskap og rein viljestyrke vågar å tenkje annleis. Saman utgjer dei eit nytt håp for eit klimasmart og miljøvenleg norsk landbruk.

Dette er boka for kokkar, matentusiastar, REKO-kundar og alle dei som drøymer om å flytte til eit lite småbruk på bygda eller verte bonde i storbyen. For dei som ynskjer å vite meir om kor den norske maten kjem frå, og som interesserer seg for klimavennleg landbruk og kortreist matproduksjon. Det er også boka for dei som likar å verte inspirert av andre menneske sitt engasjement og drivkraft.

Boka er klimanøytralt produsert, sertifisert av Climate Partner.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.715 kg

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Glade dyr og levande jord”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *