Omtale
Ein verdsberømt saksofonist fell død om på scenen under Vossa Jazz.
Etterforskinga rykker idylliske Voss ut av påskefreden, og den eigenrådige journalisten Agnes Tveit hamnar midt oppi eit livsfarleg drapsmysterium.
Saksofonisten Marta Tverberg fell død om berre minuttar etter at ho har halde ei flammande tale med kritikk av både jazzmiljø og festival. Seks hundre tilskodarar i salen er vitne til dramaet – blant dei mange som har hemmelegheiter den omdiskuterte divaen ikkje lenger kan røpe.
Tonedød er ein ny, frisk vestlandskrim frå Randi Fuglehaug, for deg som likar eit smart plott og ei overraskande uhyggeleg løysing.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.