Omtale
Verdien av eit barn
Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo
i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, gÃ¥r konkurs i krakket. Ho fÃ¥r ta inn pÃ¥ Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med pÃ¥ fabrikken. No er det ikkje arbeid Ã¥ fÃ¥, og dei to bestemmer seg for Ã¥ ta til seg pleiebarn – mot rimeleg betaling. Men nÃ¥r det først og fremst handlar om eiga overleving, hamnar spedbarna ofte i andre rekkje, og følgjene blir alvorlege. Mellom ungane er det likevel ei som Anna knyter seg til. Vesla minner om det ho sjølv hadde i eit tidlegare liv, før ho mista alt.
Basso har skrive ein roman om dei ofte skremmande vilkåra uønskte barn levde under ved hundreårsskiftet i Kristiania. Den viser fram desperasjonen i fattigdommen og kva menneskesyn som kan komme til uttrykk når ein sjølv gjer alt for å overleve. Forteljinga er basert på faktiske hendingar og personar.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.