Omtale
Oppgjer med morsrolla.
Forfattaren Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt fyrste barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillig inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg åleine om dette enorme nye ansvaret. Ho vert råka av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vera seg sjølv og det å vera mor blir motsetningar, og korleis det å skriva og vera mor samstundes blir umogleg. Korleis skal ein handtera den skamma som oppstår når ein ikkje kan kjenna seg att i samfunnet sitt tronge normalitetsomgrep?
«Arbeidet mitt» er ei bok om den radikale erfaringa det er å verta mor, om skitentøy, skriving og shopping og om å læra å elska det engstelege og opne i livet med barn. For romanen fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris i 2020.
Boka er sett om til norsk av Inger Bråtveit.
Olga Ravn (f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen «Dei tilsette», som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.