Omtale
Dei seier at ein ikkje kan velja familien sin, men på Jæren er det ikkje stort anna ein kan velja heller.
Syskenborna Ingeborg og Randi har vore veninner sidan barndommen, men valte dei eigentleg kvarandre? Ingeborg skulle ikkje bli bonde, men det blei slik. Randi skulle aldri venda heim, men det blei slik. Då Randi blir alvorleg sjuk, er dei begge tvinga til å sjå seg tilbake, og forholdet mellom dei blir med eitt endevendt og blottstilt.
Å vera avhengig kan både knyta oss til andre og øydelegge oss. Nokre gongar kan det vera vanskeleg å veta forskjell.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.