Omtale
Arne Garborg rekna Haugtussa som ei av sine viktigaste bøker. Han skreiv med overskot og med eit ømt blikk bakover til barndommens Jæren. Det store diktverket er på same tid ein danningsroman på vers og eit romantisk og naturnært bilete av ei ung jente. Boka handlar om prosessen der Veslemøy skal forstå kjærleiken sitt vesen ikkje berre forelsking, men også omsorg, varme og vennskap ja, sjølve livsmysteriet.
Forlaget Vigmostad & Bjørke vil med Norske klassikarar leggje forholda til rette for at nye lesarar kan oppleve dei verdiane som klassikarane representerer. For å lette tileigninga har vi modernisert språket litt i utgåvene.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.