Omtale
Prisnominert forfattar med ny ungdomsroman.
Sofie går i niande klasse. Ho blir fryst ut av alle og har ikkje ein einaste venn etter at ho blei svikta av Emilie sommaren før åttande. No tel Sofie ned dei 340 skuledagane før ho kan flytta frå øya og begynne på vidaregåande.
Så kjem det ei ny jente i klassen, Carla. Ho er så sjølvsikker at ho ikkje ser ut til å ha eit einaste problem i heile verda. Kan Sofie få ein ny venn i Carla?
Men så viser det seg at Carla ber på ei hemmelegheit. Ei hemmelegheit som kan setja heile vennskapet i fare.
Kan Sofie greie å vera ein ordentleg venn?
Ein av våre fremste ungdomsbokforfattarar er tilbake. Helene Guåker har blitt nominert til Brageprisen for begge dei to siste ungdomsromanane sine. No er ho aktuell med «Ein venn som meg».
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.