Omtale
For meir enn to hundreÃ¥r sidan vert ei lita fjordbygd pÃ¥ Nord-Vestlandet rÃ¥ka av ein katastrofe. Ei snøfonn sopar med seg eit heilt bÃ¥tlag pÃ¥ veg til kyrkjes. 10-Ã¥rige Rakel overlever som ved eit mirakel ulukka, men misser mest heile ætta si. Vreiden er framhaldet av Fonna – og andre bandet i trilogien Desse mine Minste …
I Vreiden freistardei etterlatne å få livet til å gå vidare, om enn på eit haltande vis. Når gråbeinen Lars får fritt spelerom av Presten i soknet, vert alt snudd på hovudet att. Både Rakel og Sina må gjere lagnadstunge val som fylgje av Lars si hjartelause framferd. Og jamvel Gud lèt vere å gripe inn for å verne desse sine minste.
Gamlekona Randina fortel meir om lagnaden til den gåtefulle kvinna Ramnen, som kom vandrande over fjella for fleire tiår sidan, og som synte seg å ha evner som knapt kunne vere av denne verda. Randina opnar seg for Sina om fleire iheltagde og skamlagde hendingar frå Ramnen si tid, og om korleis den mystiske migebota i tunet på Storeneset kom til.
Romanen er ein fiksjon, men byggjer på faktiske hendingar – og hentar elles tilfang frå forteljartradisjon, uløyste gåter, segn og folketru i forfattaren sine heimetrakter.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.