Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar

Terrance Hayes

kr288.00

1 på lager

SKU: 13175 Kategoriar: ,

Omtale

Hardtslåande og mangslungen diktsekvens frå den prisvinnande poeten Terrance Hayes.

Som svart mann i dagens USA har Terrance Hayes inngåande kjennskap til det konstante trugsmålet om rasistisk vald. I denne diktsamlinga teiknar han det skjøre omrisset kring spørsmål om rase, kjønn og undertrykking med utgangspunkt i samtidas politiske situasjon. Han trekker også linjene bakover gjennom USAs rasistiske og valdelege historie, samtidig som han koplar på både den klassiske og den moderne litteraturen.

Gjennom 70 sonettar vekslar Hayes mellom knallhard realisme og rørande visjonar, frå blodig alvor til underfundig humor. Innimellom set han fingeren på det vakre i det nesten banale, innimellom blir dikta meir introspektive og krinsar kring forholdet mellom far og son.

Gjendikta frå amerikansk ved Ida Hove Solberg og Sofia Knudsen Estifanos.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.185 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *