Omtale
«Hytta var ikkje så prangande og vulgær som eg hadde håpa, tvert imot var ho smakfull og diskret, i grånande tre, glas og naturstein.
Ja, dette var – hm, sa eg og kom ikkje pÃ¥ noko. Eg hadde ønskt meg noko meir invaderande og blautkakeaktig kritikkverdig. Her var det ved første augekast ingenting Kai og eg kunne latterleggjere og hÃ¥ne og styrke alliansen vÃ¥r pÃ¥ kostnad av, berre miljøvennlege materiale og ekstreme privilegium.»
Karin og Kai takkar motvillig ja til å låne ei luksuriøs hytte ved Oslofjorden. Men Karin er ikkje noko skjergardsmenneske, og det som kunne ha blitt eit fint avbrekk frå kvardagen, blir i staden ei påminning om alt det ho ikkje har. I møte med hyttenaboane, eit kjent forfattarpar, kjem Karin i skade for å servere ei kvit løgn, og snart har ho og Kai vikla seg inn i noko dei ikkje så lett kan vikle seg ut av.
«Gjestene» er ein roman om å samanlikne seg med andre og komme til kort.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.