Omtale
“Huset var her frÃ¥ før. Eg kjøpte det av farfar, og sidan møtte eg A, og dÃ¥ vi var ferdige med Ã¥ studere, flytta vi etter ei stund inn i det. Eg ville skrive, og ho ville lage bilete, og vi bygde oss rom for skapande arbeid. Og vi budde i huset med bøkene og bileta. Vi prøvde Ã¥ flytte inn i bøkene og bileta, slik vi hadde drøymt om. I fargane og bokstavane.”
“Hus om natta” er ei bok med korte prosatekstar og teikningar som handlar om hus, om lys og mørke, om landskap og Ã¥rstider, dyr og natur, om skyene sine skiftande former og strukturar og alt som veks: tre, buskar og blomster, om møbler, reiskapar, bilete og bøker, om søvnløyse og det Ã¥ gÃ¥ i søvne, om ting som kan gøymast, som kan verte borte og forsvinne, og om Ã¥ leve og arbeide saman og kvar for seg i dei same romma.
“Hus om natta” er eit samarbeid mellom biletkunstnaren Annette Kierulf og forfattaren Tormod Haugland. Teikningane er frÃ¥ serien “Nattstudier” (2017-), laga med fargeblyantar pÃ¥ svart papir. Tekstane har ulike format, frÃ¥ dikt pÃ¥ fÃ¥ linjer til forteljingar pÃ¥ to-tre sider. BÃ¥de bileta og tekstane har forteljingar i seg, dei er smÃ¥ forteljingar som ofte faldar seg ut og ber i seg lengre tidsrom.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.