Omtale
Å køyra seg fast på ein skogsveg.
Ein yngre mann keiar seg og finn ut at han skal ta ein biltur. Han køyrer og køyrer, og turen endar langt inne på ein skogsveg. Der køyrer han seg fast. Den unge mannen får for seg at han kan gå inn i den mørke skogen for å finna hjelp.
«I svarte skogen inne» er eit skodespel med fem roller. Stykket har urpremiere på Det Vestnorske Teateret 11. mai 2023 under Festspela i Bergen. Fosse har skrive dramatikk sidan tidleg i 1990-åra og eit Fosse-stykke vart uroppført første gong i 1994. Internasjonalt er Fosse mest kjend som dramatikar, og han har skildra å skriva dramatikk som den største openberringa i sitt forfattarliv.
Fosse har skrive over 30 teaterstykke, til dømes «Nokon kjem til å kome», «Namnet», «Vinter», «Ein sommars dag», «Draum om hausten», «Dødsvariasjonar», «Svevn» og «Eg er vinden». I dag er teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda.
Urpremieren på «I svarte skogen inne» vert den 31. urpremieren på eit heilaftans teaterstykke frå Jon Fosse.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.