Plasticus maritimus

Ana Pêgo

kr349.00

1 på lager

SKU: 13989 Kategoriar: ,

Omtale

Kvar time hamnar det tusen tonn plast i havet. Det tilsvarer eit lastebillass med plast kvart einaste minutt!

Då ho var lita, hadde Ana Pêgo stranda som leikeplass. Ho gjekk turar, kika på det yrande livet i fjøra og samla fossil. Alt dette var så spennande at ho bestemte seg for å bli biolog, for å studere det fargerike dyrelivet nærare. Men etter kvart såg Ana meir og meir av noko som likna på ein ny, mangfaldig dyreart: plast. Ho begynte å samle på plast frå havet, og gav den nye arten eit namn: Plasticus maritimus.

Med ei eineståande formidlingsevne og stort pedagogisk overskot fortel Ana Pêgo historiene bak avfallet som flyt i land langs kysten vår. Ho forklarar djuptgåande kvar plasten kjem frå, korleis han påverkar livet på kloden og kva problem han fører med seg. Men ho viser oss også korleis vi kan gå fram for å endre utviklinga.

Norske barn veks opp med strandrydding og lærar om plast i havet og naturen. Dei er svært opptekne av miljø, og temaet er sentralt i både barnehage og skule. I Plasticus maritimus tek Ana Pêgo barna på alvor og gir dei grundig fagleg kunnskap om temaet.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.416 kg
Innbinding

Aldersnivå

10–12

Forlag

Skald

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Plasticus maritimus”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *