Omtale
Yippii-jajee! Cowboy-Claus er ikkje som cowboyane i Det ville vesten. Han har ikkje hest. Han har kua Rosa og grisen Lisa, og han har ein grønsakhage. Men ein dag høyrer han lydar frå maisåkeren … Cowboy-Claus og den prompande ponnien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå. Leseland. Nivå 3. «Ei etterlengta lykke for lesebyrjarar.» DIE ZEIT
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.