Omtale
Ein lovsong til trassen gjev eit bilete av novelleforfattaren Laila Stien som bÃ¥de viser noko av det karakteristiske ved forfattarskapen og noko av breidda og mangfaldet. Medan aviskritikken har peika ut Stien som ein kvardagsskildrar, blir det her lagt vekt pÃ¥ at novellene viser fram karakterar i situasjonar som slett ikkje er kvardagslege. Stien skildrar snarare menneske i krisesituasjonar og i overgangssituasjonar der kvardagen krakelerer og bryt saman. Karakterane er kasta ut i spenninga mellom det dei mÃ¥ handtere, og det dei faktisk forstÃ¥r og kan handtere. Avstanden mellom krava frÃ¥ omgjevnadene, ja sjølve eksistensen, og det som er mogleg for karakterane Ã¥ hanskast med, er stor. Den einaste utvegen som dÃ¥ stÃ¥r igjen for mange av dei, er protesten, resignasjonen, flukta eller trassen. Â
Â
Hallvard Kjelen er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Nord universitet på Nesna. Den førre boka hans, Helgeland som litterært landskap, kom ut på Orkana Akademisk i 2022.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.