Etter folkemordet: 1945-

Ingjerd Veiden Brakstad

kr262.00

1 på lager

Omtale

For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp.

Ved frigjeringa vÃ¥ren 1945 var dei norske jødane i ein særeigen situasjon. Dei hadde ikkje tapt krigen – men sÃ¥ mykje meir. Før okkupasjonen bestod den jødiske minoriteten i Noreg av rundt 2100 menneske. Ved folketeljinga i 1946 blei det registrert 559 jødar. 230 familiar var fullstendig utsletta. I tillegg til dei enorme menneskelege tapa var jødane frÃ¥tekne leilegheiter, hus, forretningar og alle personlege eigedelar. Tanken var at dei aldri skulle vende tilbake.

I Etter folkemordet undersøkjer Ingjerd Veiden Brakstad korleis det var for jødane Ã¥ komme attende til Noreg etter frigjeringa. I ei tid prega av sorg, uvisse og sakn skulle dei bygge opp livet sitt igjen frÃ¥ grunnen. OgsÃ¥ forholdet til storsamfunnet kunne vere ei utfordring – eit storsamfunn som streva med Ã¥ handtere dei særeigne erfaringane til den jødiske minoriteten. Og som ofte feila.

Ingjerd Veiden Brakstad (f. 1979) er historikar med folkemord som spesialfelt. Ho arbeider særleg med spørsmÃ¥l knytte til tida etter folkemord og korleis ugjerninga blir forstÃ¥tt og skildra av fjerne og nære tilskodarar – i bÃ¥de samtid og ettertid. Brakstad er frÃ¥ Trondheim og har doktorgrad frÃ¥ NTNU. Ho har jobba ved Universitetet i Oslo, HL-senteret og er i dag forskar ved Falstadsenteret.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.150 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Etter folkemordet: 1945-”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *