Opptur ytre Sunnmøre

Merete L. Rønneberg

kr436.00

2 på lager

SKU: 13170 Kategoriar: , ,

Omtale

OPPTUR YTRE SUNNMØRE er ei skattkiste av gode turopplevingar.
Store og små øyar ligg som perler på ei snor, både sør og nord for Ålesund. Her er det ope landskap, nydeleg turterreng og utsyn i alle retningar.
Lenger inne er vegetasjonen rikare, bakkane brattare og toppane høgare, med kremtoppen Lauparen i Ørskogfjella på 1434 moh. som den høgste fjellturen i boka.
OPPTUR YTRE SUNNMØRE inneheld 160 turar, av dei 141 fotturar og 19 sykkelturar. Følgjande kommunar/område er med: Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy.
OPPTUR YTRE SUNNMØRE har både lette og meir krevjande turar. Alle turane er teikna inn på flyfoto, med fyldig turomtale, oppgjeven vanskegrad, lengde og stipulert turtid. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.500 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Opptur ytre Sunnmøre”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Kan hende du likar…