Omtale
Hallfrid Christiansen blei fødd på Gimsøya i Lofoten i 1886. Ved sida av ein, for si tid, sjeldan akademisk karriere som språkvitar ved Universitetet i Oslo, forska ho på nordnorske dialektar. Ho samla ord og uttrykk gjennom det meste av sitt vaksne liv. Då ho døydde i 1964, var ikkje draumen om ei nordnorsk ordbok realisert.
Nordnorsk ordbok. Arven etter Hallfrid Christiansen er den hittil største skikkelege ordboka frå Nord-Noreg, med omlag 6000 ord. Samlinga baserer seg i all hovudsak på hennar arbeid.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.