Omtale
Sarah Maguire vart fødd i Vest London i 1957 og er ein av dei leiande London-baserte poetane i dag. Ho trur pÃ¥ den “ureine” poesien, pÃ¥ at poesien skal bruka alle menneskelege røynsler og vilkÃ¥r som rÃ¥stoff. Ho blandar gjerne personlege kvardagsopplevingar med store politiske hendingar i dikta sine.
Sarah Maguire har bakgrunn bÃ¥de frÃ¥ praktisk arbeid som gartnar, og frÃ¥ universitetsstudium. Ho har hatt jamnlege kunstprogram i BBC radio, og var den første poeten som vart sendt av British Council til Palestina i 1996 og til Yemen i 1998. “Ã… omsetja poesi er det motsette av krig,” er ein av Maguire sine fyndige formuleringar. I 2004 starta ho The Poetry Translation Centre i London, med stor tru pÃ¥ at poesien kan utfordra rommet som skaper avstand.
Boka “Granatepla i Kandahar” er den siste diktsamlinga hennar til no. Dikta spenner frÃ¥ slambÃ¥tar pÃ¥ Themsen til granateple i Kandahar, frÃ¥ tulipantreet som lærer Ã¥ gulna i hagen, til grushaugane i Ramallah, frÃ¥ dikt om kjærleik og erotikk til svoveltønner ved Daudehavet.
Sarah Maguire skriv i tillit til at språket i seg sjølv kan skapa ein røyndom, ikkje at det berre er eit middel til å oppnå noko anna.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.