Omtale
Eit dystopisk storverk.
Historia om barneheimsjenta Ela, som gjer opprør mot tyrannen Ingmor, er no fullført. I «Søsteranarkistane» er alle tre bøkene, «Under», «Over» og den nye forteljinga «Ut», samla i éi pocketbok.
Ela arbeider som slave på fabrikken i byen SDK Zeijang-Volvo. Tyrannen Ingmor styrer alt og alle med jernhand. Verda slik vi kjenner henne, er gått til grunne. Ein dag får Ela nok av undertrykkinga og manar til opprør. Det er farlegare enn ho anar, for Ingmor treng noko berre Ela har.
«Søsteranarkistane» er eit dystopisk storverk, ei fengslande framtidsforteljing skriven av forfattarduoen Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag. Forteljinga går føre seg i ei verd der dei unge står mot dei gamle i ein kamp om kven som skal leve eller døy.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.