Omtale
I Rutine ved varsling treff me personar som er trengde opp i eit hjørne. Dyr går til angrep i slike situasjonar. Korleis reagerer menneske?
På Obstfeldersenteret begynner arbeidsforholda å bli uuthaldelege. Eit foreldrepar kjenner seg tvinga til å oppretthalda «ein god dialog» med skulesystemet som sviktar dottera deira, og ein storebror vurderer å varsla skatteetaten om litlebror sitt skattefusk.
I Tone Myklebust sine noveller treff me personar med desperate behov for at noko skal endra seg. Men er ei forandring mogleg å få til? Novellene viser kor krunglete vegen mellom menneske kan bli og stiller spørsmål ved om håpet alltid er lysegrønt.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.