Omtale
I denne boka undersøker Silje Solheim Karlsen, Ingrid Nielsen, Ole Karlsen, Eirik Vassenden, Silje Harr Svare, Torberg Foss, Stein Arnold Hevrøy og Fredrik Parelius kva for tenking og erfaring som kan finnast i dikt og diktlesing, og stiller spørsmål som: Kva verknadar kan omsetjingar til nynorsk ha for lesaren? Kva hender når diktet ikkje har eit lyrisk eg? Kva kjenneteiknar moderne læredikt? Og korleis kan diktinga seiast å opne seg for det ukjente? Lesingane kjem mellom anna inn på Homer-omsetjingar, Olav H. Hauge og nolevande lyrikarar som Linnea Axelsson, Jo Eggen, Kjartan Hatløy, Inger Elisabeth Hansen, Espen Stueland, Ida Borjel og Øyvind Rimbereid. “Om eit dikt i det heile lærer oss noko, er det at diktet er ei språkhending som gir oss ei kroppsleg erfaring, av noko som går til grunne og oppstår. Diktet er på same tid lærar og grønnskolling.” (frå Sindre Ekrheims innleiing)
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.