Omtale
Almanakk for Noreg har eksistert sidan 1644 og har i fleire hundre år vore umissande i norske heimar.
Årets utgåve inneheld som vanleg kalendarium med merkedagar, oversikter over astronomiske og meteorologiske forhold, reglar om jakt, fangst og fiske, hundreårsminne, ei minneliste og oversiktskalender for dei næraste åra.
Her finst òg plansjar over solhøgd i ei rekkje norske byar, planeten Jupiters månar, tabellar for oppgangs- og nedgangstider for planetane og dessutan ein figur som viser lysstyrken til planetane. Vidare inneheld Almanakken tabellar for Solas og Månens deklinasjon, i tillegg til at dette vert framstilt i form av figurar.
Professor Svein-Erik Hamran ved Senter for romsensorar og -system, Universitetet i Oslo har skrive om georadaren RIMFAX om bord på NASA-roveren Perseverance, medan professor Einar Lie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie, Universitetet i Oslo har skrive temaartikkelen, som handlar om tidlegare sentralbanksjef Hermod Skånland.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.