Omtale
To herlege bøker om veslegrisen Benny samla i éi!
Barbro Lindgrens veslegris Benny er ein av dei tøffaste og mest elska grisene i barnebokverda.
I Neimen, Benny må Benny rømme heimanfrå når mor hans vil putte Veslenøff i vaskemaskina. Men kvar skal han bu då? Når det røyner på, kan det vere godt å finne ei grop å rulle seg i.
I Jamen, Benny får Benny ein veslebror. Han ønskte seg det, men så går han fort lei. Heile dagen syg veslebroren på smokken sin, og Benny får ikkje smake. Men storebrør kan vel òg bruke smokk?
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.