Bokbussdetektiven og mysteriet med dei forsvunne bøkene

Ian Sansom

kr244.00

10 på lager

SKU: 12084 Kategoriar: ,

Omtale

Møt Israel Armstrong . ein ung og urban lesehest og vegetarianar frå London, med kurs for Nord-Irland og draumejobb som bibliotekar. Helten vår er ikkje meir enn akkurat kommen fram til sin nye arbeidsplass før problema startar. Framleis sjøsjuk etter overfarten frå England får han den første kalddusjen . biblioteket er nedlagt. Det viser seg at han i staden skal køyre ein nedsliten bokbuss på den nordirske landsbygda. Og som om ikkje dette er nok: Alle bibliotekbøkene er borte vekk, forsvunne på mysteriøs vis, og stakkars Israel får oppgåva med å spore dei opp. Svært ugjerne blir helten vår kasta inn i jakta på dei bortkomne bøkene, i omgivnader fjernt frå det trygge storbylivet i London.

Bokbussdetektiven og mysteriet med dei forsvunne bøkene er klassisk britisk hyggelesing; ei varm og humoristisk forteljing med ein skikkeleg antihelt i førarsetet. Med sikker språksans og ein suveren evne til å skrive levande dialog serverer forfattaren ei forteljing som engasjerer og underheld. Sansom fortel historia om Israel med stor kjærleik både til hovudpersonen og til menneska han ferdast blant. Den ytre ramma er jakta på dei forsvunne bøkene. Gjennom jakta får vi eit innsyn i eit land prega av store omveltingar, og vi møter eit fargerikt persongalleri som til saman utgjer eit tverrsnitt av Israel sine nye landsmenn.

Tilleggsinformasjon

Vekt .300 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Bokbussdetektiven og mysteriet med dei forsvunne bøkene”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *