Omtale
“Jon kom tumlande ut av huset.
Det hadde ringt. Meir visste han ikkje. Han hadde òg lenge kjent at det ville ringe eingong. Likevel var det hardt og uventa.”
Slik lyder opningslinjene. Tarjei Vesaas skreiv romanen rundt 1960, i skuggen etter første verdskrigen, og med atomkappløpet som trugande horisont. Til forleggaren Harald Grieg forklarte han boka slik:
“Brannen stÃ¥r for eit bilete av den moderne verden, riden av demonane, lidenskapen, nag, sadisme, aggresjonar – mange slags løynde og halvløynde eldar, sÃ¥ brannen lurer under overalt, og kan loge opp som brennande hestehovud i lause lufta. Den unge Jon blir vekt til medvet om alle desse ulykkene, sÃ¥ han mÃ¥ gÃ¥ ut, og pÃ¥ augneblinken blir han oppsøkt og innblanda i alt det rÃ¥dlause.”
Eit symboltungt varselrop til menneska som dessverre ikkje er mindre aktuelt 60 år seinare.
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.