Byuniversitetet i Bergen

Eva Røyrane

kr393.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 12639 Kategoriar: , ,

Omtale

Universitetet i Bergen er landets einaste byuniversitet. Eit annleis og historisk unikt universitetsområde som er vove tett saman med bymiljøet på Nygårdshøyden. Midt i bustadstrøket ligg bygningar med universitetshistorie, reist for ulike føremål i ulike stilar frå sist på 1700-talet til i dag. Byuniversitetet representerer slik store kulturhistoriske verdiar. Ein tredel av eigedomsmassen til UiB, i alt 38 bygg, er freda. Denne boka fortel om utviklinga av byuniversitetet på Nygårdshøyden og presenterer kvar av dei freda bygningane, frå Florida i sør til Dragefjellet i nord. Nye bilete av eksteriør og interiør viser blant anna praktbygga til Universitetsmuseet, store anlegg som Geofysen med det unike Kjernefysisk laboratorium, det Japan-inspirerte Realfagbygget og moderne kontorkompleks bak historiske fasadar i samanbygde og frittståande villaer som opphavleg var bygde for byens velståande borgarskap. Originale arkitektteikningar og historiske bilete supplerer bileta av i dag. Åse Tveitnes er redaktør for boka. Teksten er ved Eva Røyrane, Thomas Vindal Christensen har teke alle nye bilete.

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.112 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Byuniversitetet i Bergen”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *