Omtale
Den første fullstendige bibelomsetjinga til nynorsk, Bibelen eller Den heilage skrifti: Dei kanoniske bøkerne i Det gamle og Det nye testamentet, kom ut i 1921. UtgÃ¥va gjekk som oftast under namnet «Fyrebilsbibelen». Det mellombelse i nemninga er berre eitt av fleire pÃ¥fallande trekk ved utgÃ¥va. Eit anna er utÂgjevaren: «Utgjeven av bibelnemndi aat Studentmaallaget i Oslo», stÃ¥r det pÃ¥ tittelsida, ikkje «Det norske Bibelselskabs Forlag», som ventande var. Eit tredje er arbeidsmÃ¥ten. «Fyrebilsbibelen» var eit stort dugnadsprosjekt med heile tjue ulike teologar og lekfolk som omsetjarar.
Kvifor vart det slik? Kva var bakgrunnen for omsetjinga? Korleis vart ho til? Kva karakteriserer bibelutgåva? Korleis vart ho motteken, og kva har ho hatt å seie? Dette er spørsmål som forfattarane undersøker i denne boka, skriven til hundreårsjubileet for utgjevinga. Per Halse og Anders Aschim har begge drive omfattande forsking om framveksten av nynorsk kyrkjeleg skriftkultur, og dei har publisert resultata både i vitskapleg og populær form.
Anders Aschim er professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Innlandet, Hamar. Han har òg vore bibelomsetjar for Det Norske BibelÂselskap og professor ved Høgskulen i Volda. Aschim har mellom anna publiÂsert bøkene Ein betre vÃ¥r ein gong: Elias Blix (2008) og Bibelen 3.0: Bak Bibel 2011 (2013).
Per Halse er professor i KRLE (Kristendom, religion, livssyn og etikk) ved Høgskulen i Volda, der han òg har vore rektor. Halse har mellom anna publiÂsert bøkene Gudsord og folkesprÃ¥k: DÃ¥ nynorsk vart kyrkjemÃ¥l (2011) og Peter Hognestad: SprÃ¥kstrid og heilag fred (2016).
Vurderingar
Ingen vurderingar enno.